Postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
- Universitetet i Bergen
- Allegaten 41, 5006 Bergen
- Søknadsfrist
- 12. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Åremål
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Universitet og høyskole
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Engelsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i fysikkinformert maskinlæring for havvind
Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til eit Horizon Europe prosjektet kor Universitetet i Bergen er ein partner.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Prosjektet samlar eit konsortium med 9 partnarar frå 6 ulike land i EU/EØS. Målet er å utvikle føremålstenlege og gjennomførbare løysingar for havvindturbinar som kan styrkje den strukturelle tilstandsovervakinga, sanntidsvurdering av pålitelegheit og avgjerdsstøtte for prediktivt vedlikehald gjennom integrerte sensor-, modellerings- og digitale rammeverk.
Stillinga gir særleg gode moglegheiter til samarbeid med leiande ekspertar innan havvind, deltaking på internasjonale konferansar og prosjektmøte, samt arbeid i eit tverrfagleg forskingsmiljø. Stillinga inneber forskingsopphald og felles aktivitetar etter behov, finansierte gjennom prosjektet. Forventa oppstart er 1. januar 2027.
Det overordna målet med stillinga er å styrkje koplinga mellom grunnforsking og anvend forsking, i tråd med strategien til MEGA-gruppa leia av førsteamanuensis Yan Li.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:
- utvikle nye og gjøre ein litteraturgjennomgang om datadrivne surrogatmodellar for sanntidsrekonstruksjon og framoversimuleringar
- utvikle numeriske algoritmar for fysikalsk rekonstruksjon basert på sparsomme data
- implementere assimilationsmetodar som integrerer fysikkbaserte og surrogatbaserte modellar
- samarbeide med prosjektgrupper og delta i prosjektaktivitetar
- utarbeide prosjektleveransar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor marinteknikk, anvend mekanikk, fysikk, informatikk eller tilsvarande fagområde eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumenterte vitskaplege publikasjonar av høg kvalitet innan relevante tema er eit krav
- Dokumentert erfaring med forskingsaktivitetar relevante for stillinga er ein fordel
- Tidlegare forsking med sterk tverrfagleg profil er ein fordel
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 685 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Yan Li på e-post: [email protected] eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på e-post: [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på telefon 55 58 47 70 eller e-post [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Spørsmål om stillingen
- KC
- Publisert:
- 7. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no