Postdoktor i ver- og klimafysikk
- Universitetet i Bergen
- Allégaten 70, 5007 Bergen
- Søknadsfrist
- 12. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Åremål
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Universitet og høyskole
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Engelsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som postdoktor i ver- og klimafysikk, og representasjon av desse gjennom maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «Reaching AI Projections Trustworthy for Unseen Rainfall Extremes (RAPTURE)», finansiert av eit Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Korleis kan me simulera eigenskapar og farar ved ekstrem nedbør under tilhøve me aldri har observert, på ein truverdig måte? RAPTURE er eit femårsprosjekt som fokuserer på dette spørsmålet, som ligg i kjernen av forståinga av flaumkatastrofar i ei stadig varmare og våtare verd. RAPTURE samlar høgoppløyselege fysiske simuleringar, maskinlæringsbaserte klimaemulatorar og nye perspektiv på dynamikken i ver og klima for å forstå i) kva noverande simuleringar av ekstrem nedbør allereie fangar opp påliteleg, ii) kvar dei treng å betrast, og iii) korleis dei kan betrast. Å arbeida som del av RAPTURE vil gi kompetanse innan dynamisk meteorologi, maskinlæring for jordsystemet og klimarisikoforsking, med høve til å delta i europeisk forskingssamarbeid.
Den som vert tilsett vil vere ein sentral del av RAPTURE, der vedkomande skal trene opp og vidareutvikle banebrytande maskinlæringsemulatorar og nytte nye diagnostiske verktøy for å forstå kor godt desse emulatorane fungerer, sett frå eit fysisk og vêrfagleg perspektiv. Vedkomande skal søkje svar på sentrale, opne forskingsspørsmål, mellom anna kva datakjelder som gjev dei mest pålitelege klimaframskrivingane, om enkelte vêrfenomen er meir krevjande å modellere med maskinlæring enn andre, og om det er mogleg å utvikle emulatorar som kan takast i bruk i område av verda med sparsamt datagrunnlag. Den som vert tilsett vil ha høve til å påverke korleis desse problemstillingane blir handterte, og det blir venta at vedkomande set sitt eige preg på arbeidet sitt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor atmosfærefysikk, meteorologi, klimavitskap eller maskinlæring. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan mars 2027. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
- Gode matematiske og analytiske ferdigheiter er eit krav
- Interesse for meteorologi knytt til ekstremhendingar og maskinlæring for jordsystemet er eit krav
- Gode og dokumenterte programmeringsferdigheiter er eit krav
- Erfaring med geospatial dataanalyse i Python, arbeid i vitskapelege HPC-miljø, bruk av maskinlæringsrammeverk (til dømes PyTorch) og versjonskontrollverktøy (til dømes GitHub) er ein fordel
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Eit søknadsbrev som inneheld:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane
(Merknad: Generativ KI vil ikkje bli nytta til å vurdera søknadane, og det forventast at søknadsbrevet likeins er utarbeidd utan bruk av generativ KI.)
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. Dersom dette ikkje er tilfellet, skal ei kort grunngiving gjevast i søknadsbrevet
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan mars 2027
- relevante attestar
- ei liste over eventuelle vitskapelege arbeid du meiner er relevante for å dokumentera din faglege produksjon og ditt potensial. Dette inkluderer publiserte artiklar eller andre bidrag, mellom anna open tilgjengelege innsendte manuskript, bidrag til vitskapleg programvare, organisering av konferansar eller workshop, eller vitskapskommunikasjonsaktivitetar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Joshua Oldham-Dorrington, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, [email protected], eller instituttleder Tor Eldevik, Geofysisk institutt [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, økonomisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Organisasjonsnummer:
- 983455255
- Publisert:
- 3. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no