Etterforskar eller kombistilling
- Møre og Romsdal Politidistrikt
- Raumabredda 3, 6300 Åndalsnes
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Sikkerhet og beredskap / Politi, fengsel og toll
Om jobben
Om stillinga
Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Rauma og Vestnes politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar, eventuelt stilling med kombinert tjeneste dersom du ønskjer det.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga.
Vestnes og Rauma byr på storslått natur. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommer som vinter, i umiddelbar nærleik. Er du klar for ein ny arbeidskvardag hos oss? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget eller ønsker ei kombinert stilling. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som bidrar til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforskingsoppgåver
- kriminalitetsførebyggjande arbeid
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
- bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
- mogleghet for kombinert stilling med arbeid innanfor vakt og beredskap i turnustjeneste etter gjeldende tjenestelister (krev minimum IP4-godkjenning)
- kan bli pålagd andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga
Ved kombinert stilling gjeld i tillegg krav om IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå politistilling
- erfaring frå etterforsking utover PHS
- anna relevant erfaring
- relevant etter- og vidareutdanning/tilleggsutdanning
Personlege eigenskapar
- motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- gode samarbeidsevner
- strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
- evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt
- fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- For etterforskningstilling gjeld:
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000
- for erfarne kandidatar i etterforskarstilling vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer.
- For kombistilling gjeld:
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 585 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr 560 000
- ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Spørsmål om stillingen
- RA
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no