Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Dataetterforskar

  • Møre og Romsdal Politidistrikt
  • Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Sikkerhet og beredskap / Politi, fengsel og toll

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig
  • Engelsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Om stillinga

Vi søkjer deg med politibakgrunn som ønskjer å bidra innan datatekniske undersøkingar og digital sporsikring. Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell, og som kan tenke seg å inngå i eit kreativt og høgt kompetent fagmiljø av spesialistar med både politi- og sivil bakgrunn i Møre og Romsdal politidistrikt.

Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke di digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker. 

Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale og regionale fagfora. Stillinga er stadsplassert i Ålesund, og er underlagt felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE). Noko reiseverksemd må påreknast.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er interessert i å møte teknologiske utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Du opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere nærverande, lydhøyr og å byggje tillit er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

  • sikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedier og sporstadar
  • bruk av internett som etterforskningsarena
  • halde deg oppdatert innanfor fagfeltet gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
  • yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt
  • opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
  • vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
  • andre oppgåver kan bli pålagt

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • studia NCFI nivå 1 og 2A innan digital forensics ved Politihøgskolen, eller pårekne å måtte gjennomføre dette etter tiltreding i stillinga
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.

Det er også ønskjeleg med

  • fleire NCFI-studium ved Politihøgskolen 
  • erfaring med sikring og analyse av digitale spor
  • fagbrev eller høgare utdanning innan IT
  • dataverktøykurs - digital forensics som Cellebrite, Axiom mv.
  • erfaring med bruk av analyseverktøy som X-ways Forensics, Cellebrite mv.
  • erfaring frå etterforsking
  • erfaring med Linux, MacIntosh og Windows
  • kunnskap innan operativ- og filsystemer, nettverks- og/eller trådlausteknologi, utsortering av beslagsfritt materiale, sikring av data fra skytjenester, dataanalyse, kryptering, virtualisering og kryptovaluta 

For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent/spesialist, må du ha

  • tre års erfaring innan fagområdet datatekniske undersøkingar
  • studia NCFI 1 og 2A. Anna relevant utdanning innan IT eller lang relevant erfaring kan kompansere for kravet.

Personlege eigenskapar

  • nysgjerrig på ny teknologi
  • løysings- og utviklingsorientert  
  • initiativrik
  • evne til å jobbe sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • omgjengeleg og ein god relasjonsbyggar

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • eit levande tekmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter:
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
  • politioverbetjent (stillingskode 0287), frå kr. 700 000 til kr. 780 000 brutto per år ved innfridde kvalifikasjonskrav for politioverbetjent
  • godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapsteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. 
  • gode arbeidsvilkår som dagtidsarbeid, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. 


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal politidistrikt femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland. 

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
921012195
Publisert:
15. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger