100% vikariat barnehagelærer hos Rones barnehage
- Rones Barnehage
- Helgheimsvegen7, 6856 Sogndal
- Søknadsfrist
- Snarest
- Oppstart
- Etter avtale
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Privat
- Fagfelt
- Utdanning / Barnehagelærer
Om jobben
Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar?
Ynskjer du å bidra til at barn får ein god start på livet?
Har du barnet i fokus, er kreativ, har stort pågangsmot og samarbeida godt?
Då har du ein unik moglegheit!
Ein av pedagogane vår går ut i permisjon. Rones barnehage søkjer derfor snarleg pedagog i 100% vikariat ut barnehageåret.
Kva vil du gjere hos oss?
-
Skape trygge, gode og utviklande dagar for barna
-
Planleggje og gjennomføre pedagogiske aktivitetar
-
Vere ein aktiv og tilstedeverande vaksen i leik og samspel
-
Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette
-
Vere med og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Kven er du?
-
Du er utdanna barnehagelærar, eller har anna relevant utdanning
-
Du er engasjert, varm og tilstadeverande
-
Du likar å vere aktiv saman med barna - både ute og inne
-
Du samarbeidar godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
-
Du er kreativ, nysgjerrig og likar varierte dagar
Me tilbyr:
-
Lønns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff
-
Positivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
-
Ein barnehage med særpreg
-
Støtte til medlemskap på treningssenter
Søknadsfrist: Snarast og innan 1.oktober 2026
Spørsmål rettast til dagleg leiar Ingrid Synnøve Fønnebø.
Søknad med rettkjende kopier, vitnemål og attester sendast til:
Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal eller e-post: [email protected]
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Rones Barnehage SA er ein 4-avdelings privat barnehage eigd av foreldre. Vi har fire avdelingar med plass til barn i alderen 1-6 år.
Barnehagen er medlem av Private Barnehagers Landsforbund (PBL).
Barnehagen ligg kun ein kort spasertur frå Sogndal sentrum. Tomta er solrik, med flott utsyn mot fjorden og fjella- med kort veg til flotte turmål i nærmiljøet.
Spørsmål om stillingen
- IS
- Organisasjonsnummer:
- 973449699
- Publisert:
- 11. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no