Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

  • Bjørnafjorden kommune Os barnehage
  • Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Utdanning / Barnehagelærer

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Er du vår nye kollega?

Vi har ledig fast 100% stilling som barnehagelærar. Vi ser etter deg som bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø og som tar initiativ i ein hektisk og fantastisk kvardag med gode rammevilkår.

Arbeidsstad 
Os barnehage ligg i Gymnasvegen tett ved Os sentrum.  Vi har 8 avdelingar der to og to avdelingar samarbeider og vert kalla base.  Vi har pr 112 barn i alderen 0-6 år, 29 årsverk, 2 faste vikarar ansatt i 100%, 3 lærlinger. 
Vi har gangavstand til bibliotek, skule, butikkar, idrettsanlegg og kort veg til flotte turområder. Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt.  Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen.  Mottoet vårt er: "Kvardagen er viktigast".

Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring, vurdering, og dokumentasjon av det pedagogiske tilbodet til barna.
- Implementering av satsningsområda til kommunen som ASK, Saman mot mobbing og BTI.
- Ansvar for foreldresamarbeid, herunder foreldresamtalar.
- Arbeide etter, og følge opp rutiner og prosedyrer
- Arbeide for å skapa eit godt arbeidsmiljø
- Dele kompetanse og bidra til å utvikle barnehagen
- Legge til rette for eit godt leikemiljø
- Drive systematisk observasjonsarbeid.

Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. 
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. 

Eigenskapar
Vi ser etter ein pedagog som
- er fagleg engasjert og oppdatert.
- har erfaring med ASK.
- viser omsorg, evner å skape relasjonar til store og små, tar ansvar, ser barnas individuelle styrkar og behov, og sørger for at dei opplever meistring gjennom leik og læring.
- ønsker å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får støtte og veiledning.
- kan arbeide både sjølvstendig og i team for å nå barnehagens mål.
- ser verdien av eit godt samarbeid med barnas foreldre.
- ønsker småbarnspedagogikk som fordypning.
- har veiledningskompetanse (er ønskelig).
- har kompetanse om rom og leikemiljø, inne og ute.
- er ein leiken vaksen som deltar i og vidareutviklar barnas leik.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Vi har bemanna plantid, noe som betyr at når du har plantid er det en person på avdeling for deg
- Vi tar inn vikar ved behov
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
975309045
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger