Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Assisterande kjøkkensjef -100%

  • Kjøkendrift, Vinje kommune
  • Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Oppstart
1. feb. 2027
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Reiseliv og mat / Kokk

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vil du vere med på å skape gode måltidsopplevingar for innbyggjarane i Vinje?

Vinje kjøkkendrift søkjer ein engasjert og fagleg sterk assisterande kjøkkensjef som vil vere med på å vidareutvikle eit moderne og allsidig storkjøkken. Kjøkkenet er lokalisert ved Vinje sjukeheim og er ein viktig del av tenestetilbodet til kommunen.

Som assisterande kjøkkensjef vil du vere kjøkkensjefen sin viktigaste samarbeidspartnar, og bidra til den daglege drifta av kjøkkenet. Du får ein variert arbeidskvardag med både faglege, praktiske og koordinerande oppgåver.

Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team på fem medarbeidarar, som kvar dag arbeider for å levere trygg, næringsrik og velsmakande mat til ei rekkje brukarar og arenaer. Me har varierte arbeidsoppgåver og høgt fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling.

I Vinje kjøkkendrift får du meir enn ein jobb. Du blir del av eit kompetent og positivt fagmiljø der arbeidet du gjer kvar dag betyr mykje for andre menneske. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag, moderne produksjonsmetodar og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av kjøkkentenestene i kommunen.

Me er stolte av å levere måltid som skapar glede, trivsel og god ernæring for mange menneske kvar dag. No håpar me du vil bli med på laget

Vil du vere med og gjere ein forskjell gjennom gode måltid? Då ynskjer me å høyre frå deg!

Startdato: 01.02.2027


Arbeidsoppgåver

Assisterande kjøkkensjef skal organisere og leie produksjonen på kjøkkenet, med ansvar for mellom anna:

  • Fordeling av arbeidet etter menyplan og bestilling
  • Diettar, spesialkost/ ynskjekost
  • Daglig meny for kantinedrifta
  • Vareuttak for neste dags produksjon
  • Aktivt delta for å til einkvar tid å holde kjøkkendata oppdatert
  • Oppgåver innen IK-Mat og HACCP
  • Daglig produksjon og bestillingar, Varm mat produseres etter metodene sous vide og kok/kjøl

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk.
  • God kunnskap om ernæring og kosthold.
  • Gode IKT- ferdigheiter og helst kjennskap til kjøkkenets dataverktøy MATILDA, tidlegare AIVO.
  • Førarkort klasse B.
  • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du kan takle mange oppgåver på ein gong.
  • Du har vilje og evne til å ta ansvar.
  • Du har hjarte for ernæringsmessig riktig og velsmakande mat
  • Du er strukturert og ryddig

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Løn etter avtale
  • Full opplæring på arbeidsoppgåver knytt til stillinga.
  • Arbeid på dagtid, ikkje kveld og helg. 37,5 timar pr veke

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Arild Norvik, Kjøkensjef, 48125204, [email protected]

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 VINJE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5177399163
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 22.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
988070343
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger