Kokk 12% fast stilling, helg, på Ølve Alderspensjonat
- Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
- Ølvesvegen 485, 5637 Ølve
- Søknadsfrist
- 2. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Deltid
- Fagfelt
- Reiseliv og mat / Kokk
Om jobben
Ølve alderspensjonat har 14 omsorgsbustader, dagsenter og produksjonskjøkken.
Kokken lagar middag kvar dag for bebuarar og dagpasientar.
Vi søkjer etter kokk i 12% fast stilling med arbeid 3. kvar helg med tilsetjing 1. november.
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)
Spørsmål om stillingen
- HK
- Publisert:
- 11. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no