Avsnittsleder avsnitt for luftgrense
- Vest politidistrikt
- Flyplassvegen 555, 5258 Blomsterdalen
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Sikkerhet og beredskap / Politi, fengsel og toll
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
- Engelsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for utlending og forvalting, Grenseseksjonen, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar ved avsnitt for luftgrense (SKO 0287). Grenseeksjonen er nyleg delt inn i tre avsnitt og du vil bli leiar i en seksjon i utvikling, og som har fokus på forbertring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.
Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me gjennom grensekontroll og grenseovervaking førebyggja og nedkjempa grenseoverskridande kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken.
Seksjonen har dei siste åra vekse i storleik og har fleire komplekse arbeidsoppgåver. I ein tid prega av tryggingspolitisk uro er grenseovervåking viktigare enn nokon gang.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Me ser etter ein leiar som ønskjer å være med å utvikle seksjonen, og være leiar i eit fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter og ansvar. Hos oss får du vere med på å lede framtidas arbeid innan luft- og grenseovervaking. Du vil bli ein del av ein seksjon i utvikling, som har fokus på forbetring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing og fagleg oppfølging av medarbeidere på eige avsnitt
- Tenestaplanjegging på eige avsnitt
- Personal- og resultatansvar på eige avsnitt
- Ansvar for bort- og utvisningssaker blir sett i verk
- Ansvar for territoriale kontrollar og straksetterforsking blir sett i verk etter gjeldane lov- og avtaleverk
- Samarbeid med interne- og eksterne aktørar som er naturlege for fagfeltet
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Bestått eksamen frå politiskule/politihøgskule
- God kjennskap til fagområdet grense- og utlendingskontroll
- God muntleg og skrifteleg framføring på norsk og engelsk
- God IT og systemkunnskap
- Søkjarar må kunne klarerast for HEMMELEG
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
- Brei politifagleg bakgrunn
- Kjennskap til og erfaring frå TTA
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring blir vektlagt
- Erfaring og/eller kunnskap om HMS-arbeid blir vektlagt
- God kunnskap innan fagfeltet, og aktuelt lov- og avtaleverk blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Mål- og resultatorientert med evne til å ta sjølvstendige og strategiske avgjerder i enkeltsaker
- Evne til å bygge relasjoner og motivere medarbeidere
- Evne til å arbeide systematisk over tid under press
- Evne til å samarbeide godt internt og eksernt
- Kunne sjå alle arbeidsoppgåver som tilfaller seksjonen og fagfeltet og bidra på tvers av avsnittene ved behov
- Kreativ, handlekraftig og initiativrik
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som politioverbetjent (stillingskode SKO 0287) med årslønn fra : kr. 880 000.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Ein spemnnande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenaster, særskilt innan fagfeltet grensekontroll og grenseovervåking
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.
Spørsmål om stillingen
- SO
- KE
- Publisert:
- 11. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no