Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Bibliotekkonsulent - 100% fast stilling

  • Kultur, Sykkylven kommune
  • Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Oppstart
2. nov. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Kultur og kreative yrker / Museum, bibliotek, arkiv

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig
  • Engelsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vår kjære kollega gjennom mange år pensjonerer seg og Sykkylven bibliotek har difor behov for ein ny bibliotekkonsulent i 100% fast stilling frå november.

Biblioteket er sentralt plassert i Aure sentrum i Sykkylven. Lokala sto ferdig i 2023 og er tilpassa moderne bibliotekdrift.

Arbeidsdagane er varierte, med fleire ulike arbeidsoppgåver. Arbeidstidene er hovudsakleg faste, men kan variere ved arrangement.


Arbeidsoppgåver

  • Publikumsbetening i skranken
  • Formidling og utstillingar
  • Administrative oppgåver
  • Oppgåver knytt til utstyrssentral
  • Behandling av bokbestand
  • Ansvar for lokalhistorisk samling
  • Fakturering og erstatningskrav
  • Handtering og opplæring i digitale bibliotekverktøy
  • Andre oppgåver vil kunne leggjast til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå biblioteksektoren
  • Gjerne erfaring med biblioteksystemet Cicero
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode digitale kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk
  • Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Trivs med formidling både fysisk og digitalt
  • Ha gjennomføringsevne og vere "sjølvgåande"
  • Like å møte og gi service til bibliotekbrukarar i alle aldersgrupper
  • Takle både kreative aktivitetar og rutinearbeid
  • Utadvent, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Initiativrik, nøyaktig og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein framtidsretta arbeidsplass med spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Mogelegheit til å bidra til å løyse kommuna sitt viktige samfunnsoppdrag
  • Lønn etter kommunalt regulativ
  • God pensjonsordning gjennom KLP


Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

 

Kontaktinformasjon

Helen Seth, Biblioteksjef, 46940185, [email protected]
Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, [email protected]

Arbeidsstad

Pilgata 10
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5177089755
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 27.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.  Sjå meir frå Sykkylven her!

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974010550
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger