Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Miljøterapeut

  • Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
  • Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Søknadsfrist
24. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Miljøarbeidere

Om jobben

Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Idrettsvegen bufellesskap, er det frå snarast ledig 100% fast stilling som miljøterapeut.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettinger. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter.
Idrettsvegen er eit bufellesskap som gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov. Avdelinga ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar 

  • Vi søkjer vi fortrinnsvis deg som har treåring bachelorgrad innen helse eller pedagogikk. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med utfordrande åtferd, vil bli vektlagt.  
  • Primækontaktansvar - Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med ansvar  
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. 
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar

Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Eigenskaper

«Kven er du?»
Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.
Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til ?
Korfor velgje oss?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv
Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag
Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. 
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
973958100
Publisert:
10. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger