Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Brenner du for å gjere ein forskjell for menneske som få andre ser?

  • Høyanger kommune Psykisk helseteam
  • August Gunnarskogs gate , 6993 Høyanger
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Ansettelsesform
Prosjekt
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Miljøarbeidere

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig
  • Engelsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vaffelhjarte er eit kunnskapsbasert, recoveryorientert dagaktivitetstilbod for brukarar i rus- og psykiatritenesta i Høyanger kommune. Vi driv det lokale industrimuseet, har lett kafédrift, kreative aktivitetar og skaper meining i kvardagen for brukarar av tenesta – og vi har lyst til å gjere meir.

På Vaffelhjarte blir du ein del av psykisk helseteam. Du kjem til å planleggje aktivitetar på eiga hand, stå i situasjonar åleine og ta faglege avgjerder utan at nokon ser deg over skuldra. Du må like det – og du må kjenne godt nok etter til å vite når du skal be om hjelp.

Du er likevel ein del av eit team der vi hjelper kvarandre, tek tak i ting med ein gong og ikkje let nokon stå åleine i ei tung sak. Du får rettleiing og kollegaer som veit kva du står i.

Vi søkjer etter ein ny kollega i ei fireårig prosjektstilling som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, men den som blir tilsett, må rekne med arbeid på ettermiddag, kveld og helg etter avtale og i samband med aktivitetsbaserte tilbod.

Om stillinga

Dette er ikkje ei stilling der du tek over ei ferdig oppskrift. Vi har eit tilbod som fungerer godt, og vi har ambisjonar om å utvide dette – fleire aktivitetar, fleire opne dagar og fleire menneske som får bruke Vaffelhjarte. Nøyaktig kva det skal bli, er ikkje bestemt.

Vi ser etter nokon som har lyst til å vere med og bestemme det. Som ser kva som manglar, kjem med nye forslag og klarer å ta det heile vegen frå idé til noko som faktisk står i kalenderen neste veke.

Har du ein aktivitet du har hatt lyst til å prøve ut lenge, er dette ein stad der du får sjansen.

Arbeidsoppgåver

  • Ta initiativ til, utvikle og gjennomføre nye aktivitetar og verkstader
  • Dagleg drift av kaféen – matlaging, service, sal og rutinar
  • Miljøterapeutisk arbeid i eit ope og uformelt miljø
  • Tilretteleggje arbeidsoppgåver for deltakarar i arbeidstrening og følgje opp utviklinga
  • Naturbaserte aktivitetar, turar og fysisk aktivitet, inkludert å køyre deltakarar på tur
  • Samarbeid med kommunale samarbeidspartnarar, NAV, fastlege, spesialisthelsetenesta og pårørande

Vi ser etter deg som: 

  • Tek initiativ – ser kva som manglar og set det i gang
  • Er trygg og roleg og møter folk med venlegheit og respekt
  • Seier ifrå om det som er vanskeleg, framfor å la det liggje og gro
  • Er løysingsorientert og fleksibel i høve drifta og når dagen ikkje blir som planlagt
  • Held deg til rutinar når det gjeld, særleg i situasjonar der det er freistande å handle på magekjensla
  • Du interesserer deg for friluftsliv, trening eller friluftsterapi

 Kvalifikasjonskrav:

  • Treårig relevant helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning – fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar, sosionom eller tilsvarande
  • Det er ein føremon med vidareutdanning eller spesialisering innan psykisk helse- og rusarbeid
  • Det er ein føremon med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, rus og psykiatri, arbeidsinkludering eller arbeidstrening
  • Førarkort klasse B (fortrinnsvis manuelt gir), og det er ønskjeleg med D1
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Den som blir tilsett, må levere godkjend politiattest før oppstart

Kvifor søkje hos oss?

  • Interessante, viktige og varierte oppgåver med høve til å påverke eigen arbeidsdag
  • Fast rettleiing og moglegheit for fagutvikling
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med kollegaer som kan faget
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter tariff. Nyutdanna sjukepleiar/vernepleiar startar på 8 års ansiennitet. Lokalt tillegg på kr 15 000 ved 16 års ansiennitet

Høyanger som bu- og arbeidsområde

Høyanger kommune har store moglegheiter innan det grøne skiftet og sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og infrastruktur med toppmoderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrkje attraktiviteten til kommunen og sikre at det er godt å bu, besøkje og drive næring i heile kommunen.

Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

  • Stor aktivitet innan næringslivet, med fokus på det grøne skiftet og sirkulærøkonomi
  • Eit rikt lag- og organisasjonsliv
  • Fokus på samskaping og samarbeid
  • Toppmoderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg og mykje meir

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?

https://hoyanger.friskus.com/events

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Psykisk helseteam er lokalisert ved Høyanger helse- og sosialsenter og har totalt sju tilsette med ulik fagbakgrunn. I tillegg er eit tiltak med ni tilsette knytt til tenesta.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
9. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger