Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Aktivitetseininga har ledig stilling som

  • Sunnfjord kommune Aktivitetseininga
  • Firdavegen 12, 6800 Førde
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Fagfelt
Helse og sosial / Miljøarbeidere

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune tilbyr aktivitetar til vaksne i alle aldrar. Tilboda omfattar opplæring, arbeid og andre former for dagaktivitet for menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Eininga har også ansvar for Friskliv og Frivilligsentralen i kommunen.

Vi er 43 positive og engasjerte medarbeidarar som arbeider ved fleire lokasjonar i kommunen, mellom anna på Skei, Vassenden, Sande, Naustdal og i Førde.

Ledige stillingar:

 

Stilling 1: 100 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar

Stillinga er knytt til Skei Ressurssenter, eit dagsenter for personar med funksjonsnedsetting. Arbeidsstaden er i hovudsak på Skei, men den som vert tilsett må vere fleksibel og kunne arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.

Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.

Stilling 2: Inntil 150 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar

Stillinga er knytt til dagsentertilbod for personar med demens og eldre i Førde og Naustdal. Stillinga kan tilpassast ønskt stillingsstorleik. Arbeidsstaden er i hovudsak i Førde og Naustdal, men det kan vere aktuelt å arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.

Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.

Kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning innan helse- og sosialfag, til dømes aktivitør, helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • andre relevante utdanningar vil også bli vurderte
  • relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • førarkort klasse B
  • god IKT-kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest må leggast fram før tiltreding.

Vi ser etter deg som:

  • er kreativ og glad i å arbeide med menneske
  • har lett for å skape gode relasjonar
  • er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
  • kan motivere og engasjere andre
  • samarbeider godt og trivst i tverrfaglege miljø
  • arbeider strukturert og målretta
  • har god gjennomføringsevne
  • handterer eit variert spekter av arbeidsoppgåver
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • utfordrande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • samarbeid med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar
  • eit arbeidsmiljø prega av fagleg utvikling og samarbeid
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
3. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger