Sunnfjord barnevern har ledig stilling som
- Sunnfjord kommune Sunnfjord barnevern
- Sunnfjord
- Søknadsfrist
- 18. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Fagfelt
- Helse og sosial / Miljøarbeidere
Om jobben
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ønsker å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit.
Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Vi har ledig:
- 2x100 % vikariat som kontaktperson f.o.m. 04.01.27 - 04.01.28
Begge stillingane er per i dag knytt til undersøkingsteamet. Det kan skje endringar i organisering, bemanning og oppgåvefordeling i løpet av vikariatperioden, og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra i tråd med tenesta sine behov.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde er:
- sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverk
- planlegge og gjennomføre undersøkingar av bekymringsmeldingar
- kartlegge og undersøke barn og familiar sitt behov for hjelp etter lov om barnevern
- bygge tillit og kommunisere effektivt med barn, foreldre og nettverk i sårbare situasjonar
- gjennomføre samtalar med barn og forvalte deira synspunkt
- samarbeide tett med eksterne instansar (t.d. skule/barnehage, politi, helse) og ha god oversikt over kommunens instansar og tilbod
- gjere analysar og vurderingar kring barnets beste
- grundig dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barn
- førebu saker og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansar
- samarbeide med andre team i tenesta
- delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenesta
- akuttarbeid
Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast.
Kvalifikasjonar:
- bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- anna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaring
- erfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ønskeleg
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Vi søker deg som:
- arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team
- har god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjon
- utfører arbeidet med respekt for barn og deira familiar
- har gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonar
- tek barns medverknad på alvor
- har god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt
- tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
- har gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måte
Vi tilbyr:
- rettleiing – både individuelt og i gruppe
- fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanning
- eit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
- gode pensjonsordningar
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- EF
- Organisasjonsnummer:
- 983803512
- Publisert:
- 3. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no