Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Denne stillingen er ikke lenger aktiv.

Nynorskpraktikant i NRK: Få opplæring og praksis med løn!

  • 3302 DVRR Nynorsk mediesenter, NRK
  • Storehagen 10, 6800 Førde
Søknadsfrist
15. okt. 2026
Oppstart
4. jan. 2027
Ansettelsesform
Trainee
Omfang
Heltid
Antall stillinger
5
Fagfelt
Kultur og kreative yrker / Journalistikk, kommunikasjon og litteratur

Om jobben

Vil du prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her lærer du alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer - med betaling!

To gongar i året tar NRK inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i NRK i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.

Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk, for vi ser først og fremst etter talent og potensial. Du får løn i heile perioden.

Vi ser rett og slett etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!


Slik er opplegget

Praktikanthalvåret er delt i tre fasar. Dei to første månadane får du opplæring på TV, nett og radio, og du produserer saker for NRK under tett oppfølging av faglærarar og journalistar. Dei neste to månadane lagar du stoff for nyhenderedaksjonen til NRK Vestland i Førde. Til slutt er det to månadar praksis i ein annan redaksjon i NRK.

Mediespråket er nynorsk.

Mange tidlegare praktikantar har no fast jobb i NRK eller andre mediehus. Nokon er programleiarar i NRK P1, P2 eller P3. Andre er TV-reporterar eller nettjournalistar på NRK.no, og vi finn og tidlegare praktikantar som jobbar som reporterar på distriktskontor. Det er dessutan fleire i andre medium som TV 2, VG og lokalaviser.

Er dette deg?

  • Du er topp motivert for å bli journalist og bruke nynorsk.
  • Du må vere interessert i det som skjer i samfunnet og følge med på nyhende.
  • Du må ha stå-på-vilje og like utfordringar og høgt tempo.
  • Du har handlekraft og god gjennomføringsevne.
  • Du har eit levande og godt språk, og ønsker å fortelle dei gode historiene.
  • Du likar å samarbeide og dele kunnskap med andre.

Kva har du i ryggsekken?

  • Du er engasjert og samfunnsorientert.
  • Du har fullført vidaregåande utdanning.
  • Det er ein fordel om du har førarkort for bil.

Vi ser etter kandidatar frå ulike stadar i landet, og gjerne med fleirkulturell bakgrunn. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn få andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken. 

Dette kan du vente deg

  • Unik opplæring i eit operativt nyheitsmiljø.
  • Dyktige NRK-journalistar som lærarar og andre spennande gjesteforelesarar.
  • Dei første fire månandane får du praktikantløn på 16.700 kroner i månaden. Dei siste to månadane får du full journalistløn berekna ut frå utdanning og ansiennitet.
  • Eit unikt innblikk i Noregs største mediehus, og verdifull arbeidserfaring frå heile NRK.
  • Du blir rekna som intern NRK-søkjar i tre år etter avslutta opplæring, men det er ingen garanti for arbeid etter praktikanttida.
  • Eit pulserande og ungt praktikantmiljø. Vi held til i Nynorskhuset saman med mellom andre Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.

 

Send oss ein søknad!

Skriv ein søknad som fortel kvifor du søker og kvifor du vil bli journalist.

Legg ved ei lenke til ein video, der du fortel om noko som har skjedd deg i det siste. Videoen skal vere på maks 60 sekund. Bruk gjerne www.wetransfer.com eller ei anna enkel delingsteneste. OBS: pass på at videoen er open for mottakar, slik at vi slepp å be om tilgang.

Heile NRK treng nynorskbrukande journalistar. Du kan vere praktikant på eitt av NRK sine distriktskontor, eller du kan jobbe i ein riksredaksjon i Oslo. Det er derfor fint om du i søknaden skriv litt om kvar du kan tenke deg praksis.

Du må og legge ved attestar og vitnemål i søknaden.

Les meir om stillingane og opplegget på https://nynorskmediesenter.no/

Kontaktinformasjon

Rune Fossum Lillesvangstu, Leiar NRK Nynorsk mediesenter, 91874111, [email protected]
Eva Marie Felde, Faglærar NRK Nynorsk mediesenter, 99548828, [email protected]

Arbeidsstad

Storehagen 10
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NRK

Referansenr.: 5173454162
Stillingsprosent: 100%
Praktikant
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 15.10.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
1. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger