Vi søkjer sekretær/helsesekretær
- Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus
- Tysevegen 64, 5416 Stord
- Søknadsfrist
- 13. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Antall stillinger
- 3
- Fagfelt
- Helse og sosial / Helsesekretær
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter.
Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit, og som trivst med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid med andre.
Vi er om lag 25 kollegaer som sørgjer for at dei administrative oppgåvene i klinikken blir godt ivaretekne. Her jobbar vi med alt frå tilvisingar, skanning og arkiv til sentralbord og resepsjon. Vi er ei viktig støttefunksjon for gode og trygge pasientforløp.
Stillingane vi no lyser ut, er knytte til sengepost og poliklinikk. Har du erfaring frå klinisk arbeid og ønskjer å bruke kompetansen din i ein meir kontorfagleg rolle? Då kan denne stillinga også vere aktuell for deg.
Vil du bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg – søk no!
Dersom tilsette i Helse Fonna gjer gjeldande fortrinnsrett til høgare stillingsprosent, kan éi eller fleire av dei utlyste stillingane bli tilbydde med lågare stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du mellom anna:
- arbeide på sengepost og i poliklinikk etter fastsett rotasjon
- svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, både på telefon og ved fysisk oppmøte
- utføre bestillingar, til dømes av blodprøvar, tolk og transport
- følgje opp vidare pasientforløp
- arbeide med timeoppsett, ventelister, fristbrot og økonomisk oppgjer
- registrere og dokumentere i digitale system som DIPS, Meona og CheckWare
- skrive epikrisar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant utdanning som helsesekretær, medisinsk sekretær eller anna relevant utdanning er ønskjeleg.
- Relevant erfaring frå tilsvarande merkantilt arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå arbeid i sjukehus vil bli vektlagt.
- Det er ønskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- samarbeider godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- tek initiativ og ser kva som må gjerast
- klarer å prioritere og finne gode løysingar når det er travelt
- arbeider strukturert og påliteleg
- møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein open og imøtekommande måte
- lærer nye digitale system og arbeidsmåtar raskt
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- god opplæring i arbeidsoppgåvene og dei digitale systema vi bruker
- ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med mange ulike oppgåver
- kollegaer som samarbeider godt og tek vare på kvarandre, også når det er travelt
- høve til fagleg utvikling gjennom kompetanseplanar, fagdagar og kurs
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Er du tilsett i Helse Fonna og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Siw Kristin Vad Haraldsen, Funksjonsleiar, +4745423946, [email protected]Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5171369979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Spørsmål om stillingen
- SK
- Publisert:
- 31. aug. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no