Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Mannskap til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn

  • Maritim Drift, Fjord1 AS
  • 6740 Selje
Søknadsfrist
13. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Fagfelt
Helse og sosial / Helsesekretær

Om jobben

Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.

I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter matros, overstyrmann og maskinsjef som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.

Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.

På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare. 

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla.  

Kvalifikasjonar

  • Minimum D4-sertifikat for overstyrmann
  • M1-sertifikat for maskinsjef
  • For matros, nødvendig fartstid eller ferdighetsertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhåndteringskurs
  • Gyldig helseattest

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst.
  • Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. 
  • Hybelordning i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]

Arbeidssted

Strandkaien
5013 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5172579279
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
31. aug. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger