Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Heimetenesta

  • Øygarden kommune Heimetenesta
  • Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

 

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

 

Avdeling Bildøy har ledig to vikariat med 1 års varigheit.

  •          Sjukepleiar 100% vikariat frå 01.011.2026 – 01.11.2027
  •          Sjukepleiar 80% vikariat frå 11.11.2026 – 11.11.2027

 

Kven ser vi etter?

Ledig vikariat, Sjukepleiarar til Heimetenesta

Til stillinga ser vi etter deg som trivast med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivast best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

 

Kva får du hos oss?

Som vår nye kollega vil du kunna få 80 - 100% vikariat i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du òg ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om genkapital gjennom kommunen. 

Kven er så du?

Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.

 

Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.

 

Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!

  

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

 

 

Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
989620851
Publisert:
15. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger