Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Helsesekretær/sekretær

  • Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
  • Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Helsesekretær

Om jobben

Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig fast stilling som helsesekretær. 

Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette.

Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund).
Vi har fire sekretærstillingar og 25 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre.
Det kan verte behov for eit vikariat i seksjonen.


Arbeidsoppgåver

  • Resepsjonsarbeid med mottak av pasientar, samt telefonservice
  • Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen
  • Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner
  • Skåring av kartleggingsverkty
  • Følge opp pasientventelister
  • Rydding i rapportar, skanning av dokument osv
  • Registrere personaldata
  • Anna praktisk arbeid i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesekretær eller relevant erfaring som sekretær
  • Det er en fordel å ha erfaring frå arbeid som sekretær innan spesialithelsetenesta og i BUP
  • Ha kunnskap og erfaring med Helseplattformen
  • God generell kunnskap og erfaring med data

Personlege eigenskapar

  • Du er er god på yte kundeservice 
  • Du har gode samarbeidsevner, tar ansvar og er initiativrik
  • Du har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Du er nøyaktig, fleksibel og effektiv

Å vere personleg vert vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, [email protected]

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5176163900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
975326470
Publisert:
15. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger