Assistent
- Austevoll kommune
- Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Omfang
- Deltid
- Sektor
- Offentlig
Om jobben
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 300 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Ledig stilling som assistent i 80 % ved Storebø skule.
Storebø skule har ledig eit engasjement i 80 % stilling som assistent frå 01.10.2026 til 31.07.2027, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å gi praktisk og pedagogisk støtte i skulekvardagen, bidra til tryggleik og inkludering, og samarbeide tett med lærarar og andre tilsette.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Vere elevassistent i skule og SFO.
- Delta i og følgje opp skulen sine satsingsområde.
- Samarbeide tett med lærar.
- Delta i team for assistentar.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller skule.
- Må beherske ukrainsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
- Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
- Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
- Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar.
Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia.
Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag.
Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.
Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Du kan lese meir på nettsidene til Lånekassen.
Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.
Spørsmål om stillingen
- GA
- Organisasjonsnummer:
- 976973860
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no