Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Fast helgestilling 

  • Gulen kommune
  • Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Søknadsfrist
6. okt. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Helsefagarbeider

Om jobben

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig:

  • Helgestilling 13-18% fast frå snarast/etter avtale. Arbeid kvar 4. helg (langvakter), eller kvar 3. helg (ord. vakt).

Vi søkjer i utgangspunktet deg som er helsefagarbeidar, men andre kan også søkje og verte vurdert. Kanskje er du sjukepleiarstudent, og kan tenke deg litt erfaringsbasert kunnskap? Hjå oss får du verdifull erfaring, varierte arbeidsoppgåver og høve til å gjere ein viktig skilnad for andre.

For helsefagarbeidarar i turnus er det, for tida, løn utover tariff og ekstra tillegg på helg for gjennomført vakt.


Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudent. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest ved tilsetjing
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
  • Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
914309506
Publisert:
15. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger