Helsefagarbeidar - 100% fast
- Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
- Vinjevegen 212, 3890 Vinje
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Oppstart
- 1. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Helse og sosial / Helsefagarbeider
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø?
Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre.
Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt.
Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande.
Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov
- Helsefaglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
- Medikamenthandtering etter gjeldande rutinar og delegering
- Samarbeid med pårørande og andre faggrupper for å sikre heilskaplege tenester
- Aktiv deltaking i miljøarbeid og aktivitetar som fremjar trivsel, sosialt fellesskap og livsglede
- Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø
- Rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette ved behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg
- Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid i sjukeheim eller innan demensomsorg vil òg bli vurderte
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Møte bebuarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og empati
- Er oppteken av å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for bebuarane
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Tek ansvar og arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det
- Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag
- Bidreg til eit positivt, inkluderande og utviklingsretta arbeidsmiljø
- Er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til kvalitet og utvikling i tenestene
- Har evne til å skape tillit og gode relasjonar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Ein arbeidsplass i naturskjønne omgjevnader med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt
- Ei meiningsfull og variert stilling i eit godt fagmiljø
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- God opplæring og støtte frå oppstart
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksibilitet og påverknad på turnus
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, [email protected]Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5155614376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 27.09.2026
Om arbeidsgiveren
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Spørsmål om stillingen
- HK
- Organisasjonsnummer:
- 974610264
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no