Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Ungdomsklubbarbeidar

  • Hå kommune Fritid
  • Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Ansettelsesform
Prosjekt
Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Utdanning / Barnehage- og skolefritidsassistenter

Om jobben

Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar).

Det er ledig ei 20 % prosjektstilling i perioden oktober og ut 2028 som ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune. Arbeidsområdet er for tida knytt til Vigrestad ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på mandagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar.

Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast.

Arbeidsoppgåver
• Bistå klubbleiar med å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement
• Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane
• Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane
• Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding
• Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi
• Planleggje og gjennomføre arrangement
• Noko helgearbeid må påreknast

Kvalifikasjonar
• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet
• Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar
• Gode kommunikasjonsevner
• Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser
• Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar
• Engasjert i menneska rundt deg
• God på relasjonsbygging og konflikthandtering
• Praktisk anlagt
• Godt humør og stå-på-vilje
• Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
• Løysingsorientert og fleksibel
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr
• Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet
• Løn etter tariffavtale

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
976828127
Publisert:
15. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger