Logistikkmedarbeidar
- Merkantil AIO, Haugesund Sjukehus
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Transport og lager / Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Om jobben
Vil du vere med å vidareutvikle logistikkfunksjonen i ei av sjukehuset sine mest sentrale avdelingar?
Avdeling AIO søkjer ein engasjert, strukturert og løysingsorientert logistikkmedarbeidar til 100 % fast stilling ved Operasjonsavdelinga. Vi står framfor etablering av konsignasjonslager og søkjer ein medarbeidar som ønskjer å bidra til utvikling av framtidsretta lager- og logistikkløysingar. Stillinga byr på varierte og ansvarsfulle oppgåver innan forsyning, lagerstyring og vareflyt, og vil ha ei sentral rolle i å sikre at avdelinga har rett utstyr til rett tid. Den som blir tilsett vil også fungere som stedfortredar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær, og får god opplæring i både system og funksjon.
Kva går jobben ut på?
Dine oppgåver i rolla inkluderer blant anna
- forsyning og logistikk til operasjonsstuene
- bestilling, mottak og oppfølging av varer
- lagerstyring og vareflyt i SAP
- etablering og vidareutvikling av konsignasjonslager
- oppfølging av lagerbehaldning og varetilgjenge
- samarbeid med leverandørar, innkjøpsfunksjonar og fagmiljø
- bidra til standardisering og kontinuerleg forbetring av logistikk- og lagerprosessar
- å vere vikar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant erfaring frå logistikk, lagerdrift eller forsyningsarbeid.
- Erfaring med lagerstyring og vareflyt.
- Erfaring med SAP eller evne til raskt å setje seg inn i nye system.
- Interesse for utvikling og forbetring av logistikkprosessar.
- Kjennskap til konsignasjonslager er ein fordel.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi søkjer deg som
- er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet i arbeidet
- har gode samarbeidsevner og byggjer tillit i møte med kollegaer og samarbeidspartnarar
- tek eigarskap til oppgåvene dine og følgjer dei opp på ein sjølvstendig måte
- er utviklingsorientert og motiverast av å forbetre arbeidsprosessar
- trivst med digitale verktøy og ser moglegheiter i nye arbeidsmåtar
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap med andre
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande og ansvarsfull stilling i eit aktivt fagmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle logistikkfunksjonen.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø der du samarbeider tett med kliniske fagmiljø, innkjøpsfunksjonar og leverandørar.
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas spesialisthelseteneste
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Knut Arne InstanesArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5180686328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Spørsmål om stillingen
- KA
Knut Arne Instanes
- Organisasjonsnummer:
- 974724774
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no