Suldal sjukeheim søkjer etter nye kollegaer som kan tenkje seg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!
- Suldal kommune Suldal sjukeheim
- Eidsvegen 1, 4230 Sand
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Deltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Helse og sosial / Andre helseyrker
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt. Suldal sjukeheim har behov for deg som kan tenkje deg ei helgestilling eller vere ringevikar sjå oss!
Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast!
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
- Me har årsturnus
Om stillingane
- Stillingsstorleikar: arbeid kvar 3. helg eller etter behov
- Stillingstype: fast helgestilling eller ringevikar
- Oppstart: snarest
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen
Kvalifikasjonar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
- Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
- Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen.
Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.
Spørsmål om stillingen
- EL
- Organisasjonsnummer:
- 974617102
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no