Tannhelsesekretær (fleire vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
- Universitetet i Bergen
- Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Fagfelt
- Helse og sosial / Andre helseyrker
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgATannhelsesekretær (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledige fleire vikariat som tannhelsesekretær i ulike stillingsbrøkar. Vikariata kan vere både heiltids- og deltidsstillingar og ha ulik varigheit. Tilsetjingsperioden kan vere frå 6 til 18 månader, med moglegheit for forlenging.
Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: barnetannpleie, endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
- Pasientomsorg
- Assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
- Ved arbeidsstad ved Seksjon for kjeve og ansiktsradiologi er erfaring med å kunne utføre og handtere forskjellige røntgenopptak ønskjeleg samt å rettleie
- og følgje opp studentar i klinisk røntgenopptak. Opplæring vil kunne verte gitt.
- Opplæring av studentar i hygiene
- Oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
- Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
- Pasientadministrative oppgåver
Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggjast til stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
- Erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
- Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
- Ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kompetanse innan data og Opus journalsystem
- Handtera telefonar
Evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn for tida kr 520 000 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Kva stillingsbrøk du ønskjer
- Kopiar av vitnemål og relevante attestar
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til overtannlege Stig Løvold, e-post: [email protected]
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk
Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.
- Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.
Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Spørsmål om stillingen
- SL
Stig Løvold
[email protected]
- Publisert:
- 15. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no