Lærar
- Ål kommune Nedre-Ål skule
- Sundrevegen 43-45, 3570 Ål
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Grunnskole
Om jobben
Vi har behov for lærar i inntil 100% mellombels stilling ved Nedre-Ål skule frå snarast mogleg ut skuleåret 26/27.
Vi søkjer lærar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Det er behov for lærar på 2. og 6. trinn, og med undervisningskompetanse i norsk.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
- Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
- Ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
- Brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane.
- Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
- Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
- Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
- Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- To-lærarsystem ved fleire av skulane.
- Miljørettleiarar ved skulane.
- Hjelp til å finne bustad.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- KN
- Publisert:
- 14. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no