Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Sjukepleiar

  • Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
  • Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Oppstart
1. nov. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % vikariat ved vår ortopediske og ortogeriatriske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande.

Ortopedisk og ortogeriatrisk sengepost er ein del av det nye akuttsjukehuset på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med oppfølging av pasientar med brotskadar, fallrelaterte skadar og andre ortopediske problemstillingar, både akutte og planlagde. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som kombinerer ortopedisk og geriatrisk kompetanse for å sikre trygg, kunnskapsbasert og heilskapleg behandling gjennom heile pasientforløpet. Seksjonen har særleg fokus på tidleg mobilisering, førebygging av komplikasjonar, god funksjonsattvinning og pasienttryggleik. Vi arbeider kontinuerleg med fagutvikling, forbetringsarbeid og samarbeid på tvers av profesjonar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Stillingane inngår i tredelt turnus. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Utøve heilheitleg sjukepleie til pasienter innan ortopedi og ortogeriatri.
  • Observere, vurdere og følge opp pasientane sin kliniske tilstand og funksjonsnivå.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team.
  • Delta aktivt i mobilisering, rehabilitering og forebygging av komplikasjonar hos pasientane.
  • Medikamenthåndtering og administrering av behandling i henhold til gjeldende retningslinjer.
  • Samarbeide tett med leger, fysioterapeuter, ergoterapeuter, helsefagarbeidere og øvrige faggrupper.
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast seksjonen sitt behov og den enkelte medarbeidar sin kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring fra arbeid i sengepost er ønskeleg, men ikke eit krav
  • Interesse for ortopedi, ortogeriatri eller behandling av eldre pasientar
  • Gode kliniske vurderingsevne og evne til å arbeide kunnskapsbasert
  • God norskkunnskap, både muntleg og skriftleg
  • Erfaring med elektronisk pasientjournal og tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast seksjonen sitt behov og den enkelte medarbeidar sin kompetanse.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og opptatt av god pasientbehandling
  • Du samarbeidar godt med andre, samtstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere i en travel arbeidshverdag
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du bidrar til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, og deler gjerne kunnskap med andre
  • Du er positiv, framoverlent og nysgjerrig på fagleg utvikling
  • Du trivst med endringar og ønsker å bidra til vidare utvikling av seksjonen

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø kor vi heier på kvarandre
  • Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Ein spennande arbeidskvardag med stor variasjon i pasientforløp og oppgåver
  • Tett samarbeid med leger, fysioterapeuter, ergoterapeuter og øvrige faggrupper
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av ortopedisk og ortogeriatrisk behandling ved sjukehuset.
  • Lønn etter gjeldande overeinskomstar
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom offentleg tjenestepensjon

Kontaktinformasjon

Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5178352629
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Spørsmål om stillingen

  • CE

    Cathrine Emilie Valgermo Forren

    Konstituert seksjonsleder

    +47 95907778
Organisasjonsnummer:
932998521
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger