Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

100 % fast stilling som fagarbeidar

  • Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
  • Eikelandsheiane 50, 5640 Eikelandsosen
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Bygg og anlegg / Maskin- og kranfører

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling. 

Arbeidsstad 
Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast. Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50. 

Arbeidsoppgåver 

  • Oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg 
  • Maskinkøyring 
  • Enkle VA-oppdrag 

Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner 

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev innan grunnarbeid/anleggsmaskin, men lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev 
  • Krav om førarkort klasse BE og C 
  • Kompetansebevis M2, M4, og motorsag er ønskeleg 
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg godt 

Personlege eigenskapar 

  • Engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert 
  • Meistra enkle, digitale verktøy 
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida i team 
  • Fleksibel

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner 

Vi tilbyr  

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
  • Løn etter gjeldande avtalar 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.  

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.  

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974615819
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger