Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Rådgiver

  • Hjelpemiddel, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen 
  • Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Kontor og økonomi / Kontor, forvaltning og saksbehandling

Om jobben

Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav bilsenter Vest-Norge har ledig eit vikariat i 60 % stilling som rådgjevar, med oppstart så snart som mogleg.
Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ynskjer å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.

Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral på Kokstad i Bergen. Her jobbar om lag 120 tilsette. Nav hjelpemiddelsentral har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.

Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.

Arbeidsoppgaver

Oppgåver i stillinga vil vere

  • rettleiing av brukarar, terapeutar og andre eksterne samarbeidspartnarar
  • kartlegging av tekniske løysingar og spesialutstyr i bil
  • samarbeid med bilombyggarar i regionen.
  • utarbeiding av minikonkurransar knytt til ombygging av bil

    Hjelpemiddelområdet i Nav er i stadig endring, og det kan kome endringar i oppgåver og ansvarsområde.

Kvalifikasjoner

Du må ha

  • fagbrev innan bilområdet
  • teknisk kompetanse
  • førarkort klasse B

 

Vi ynskjer at du har

  • erfaring frå offentleg verksemd
  • erfaring knytt til tekniske løysingar
  • god kommunikasjonskompetanse munnleg og på begge skriftspråk

Personlige egenskaper

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du må

  • identifisere deg med Nav sin visjon og verdiar
  • vere effektiv og meistre stort arbeidspress
  • kunne jobbe målretta og sjølvstendi
  • vere strukturert, serviceinnstilt og resultatfokusert
  • ha vilje og evne til samarbeid

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss, får du

  • spennande, utfordrande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • fleksitidsordning
  • moglegheit for å trene i arbeidstida
  • moglegheit for hybrid arbeidskvardag
  • jobbe i trivelege lokale på Kokstad
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 600.000,- til kr 643.000,-

 

Kontaktperson
Øivind Vabø, avdelingsleiar, tlf. 93 01 52 92, e-post [email protected].

Kontaktinformasjon

Øivind Vabø, Avdelingsleiar, 93015292, [email protected]

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5179544064
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
973972987
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger