Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Lærar Elektrofag

  • YF Elektro og datateknologi[YF_elektro_og_data], Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vgs [sykkylven]
  • Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven
Søknadsfrist
18. sep. 2026
Oppstart
1. okt. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Utdanning / Videregående skole

Om jobben

Sykkylven vidaregåande skule søkjer lærar i 100 % fast stilling innan elektro og datateknologi for skuleåret 2026–2027.
Vi søkjer ein fagleg sterk og samarbeidsorientert kollega med kompetanse til å undervise i programfaga på Elektro og datateknologi. 

Vil du vere med å forme framtidas fagarbeidarar? Hos oss får du undervise i eit moderne og framtidsretta elektrofagmiljø med TekLab, elektrolab og verkstadar utstyrte for morgondagens teknologi.


Arbeidsoppgåver

  • Undervise og rettleie elevar i programfaga innan elektrofag
  • Følgje opp elevar fagleg og sosialt, og bidra aktivt til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Samarbeide tett med kollegaer, kontaktlærarar og lokalt næringsliv for å sikre relevant og oppdatert opplæring
  • Delta i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen
  • Sikre godt vedlikehald, orden og tryggleik knytt til verkstader og utstyr

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse innan elektrofag er særleg etterspurt
  • Praktisk erfaring frå næringsliv er ønskjeleg
  • Pedagogisk kompetanse (PPU) er ønskjeleg
  • Erfaring med opplæring og arbeid med ungdom er ein fordel
  • Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels for eit skoleår eller på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
  • Strukturert, løysingsorientert og trygg i verkstadsarbeid
  • Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling
  • God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
  • Godt utstyrt verkstad og tett samarbeid med lokalt næringsliv
  • Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling

    Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
    Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5175474145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 20.06.2027
Søknadsfrist: 18.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.

Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974576694
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger