Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Tilkallingsvikar i barnehagane ved oppvekstsentra i Surnadal kommune

  • Surnadal kommune Todalen og Stangvik oppvekstsenter
  • Surnadal
Søknadsfrist
31. des. 2026
Ansettelsesform
Annet
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Fagfelt
Utdanning / Barnehage- og skolefritidsassistenter

Om jobben

Vi har behov for tilkallingsvikarar som vi kan ringe til og som kan stille på kort varsel ("ringevikarar") til barnehagane ved oppvekstsentra i Bøfjorden og Bæverfjord, Todalen og Stangvik og Mo.

Det er fint om du har erfaring frå arbeid med barn i barnehagealder
Skriv gjerne i søknaden kva som kan vere aktuell barnehage å arbeide i for deg.

Det er krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Her finn du informasjon om oppvekstsentra våre: 

https://www.surnadal.kommune.no/tenester/skule-og-utdanning/skulane-i-surnadal/grunnskular/

 

Vi engasjerer tilkallingsvikarar fortløpande.

Om du har spørsmål, tek du kontakt med einingsleiar for oppvekstsentra våre:
Gro Kvammen Sæter, tlf 920 40 465.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Arne Landsem er einingsleiar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter som består av to skular og to barnehagar. Stangvik skule ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik barnehage. Stangvik skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer litt år for år, men ligg på omkring 50 elevar. Gro Kvammen Sæter er styrar i Stangvik barnehage. Stangvik barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage. Antal ungar varierer også her, med omkring 30-35 ungar fordelt på 3 avdelingar etter alder. Alderen på ungane er frå 0-6 år. Barnehagen ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring. Vi har ein lavvo og ei grillhytte i skogen som vi nyttar mykje. Todalen skule ligg i Todalen, på same område som Todalen barnehage. Rektor ved skulen er Britt Mossing. Todalen skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer frå år til år, men ligg på omkring 25 elevar. Jorunn Nordvik er styrar i barnehagen i Todalen. Barnehagen, som er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter, har eit heildagstilbod for barn i alderen 0-6 år, og er godkjent for 18 plassar. Vi ønskjer å bidra til ein god barndom, og gje eit variert pedagogisk tilbod, der trivsel, tryggleik, leik og læring står sentralt. Vi ønskjer å gje rom for mangfald, der respekt og toleranse for kvarandre er viktig. Alle skal få opplevingar og erfaringar i høve til alder og modning.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974016893
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger