Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

100% Miljøterapeut, Kleppevegen

  • Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
  • Kleppevegen 1, 6102 Volda
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Oppstart
10. des. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Miljøarbeidere

Om jobben

Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting, barnebustad og dagsenter for personar med utviklingshemning.

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og som vil vere med å utvikle tenesta vidare. Den som vert tilsett må vere budd på  å utføre arbeidsoppgåver / endre teneste stad i samsvar med seksjonen/ kommunen sitt behov til ei kvar tid.

Tenesta har ledig 1 stk. 100% miljøterapeut stilling i samlokalisert bustad, Kleppevegen f.o.m. 10.12.26.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre målretta arbeid
  • Delta i daglege aktivitetar med brukarane
  • Yte tenester i henhald til gjeldande vedtak
  • Samarbeide med pårørande og andre instansar
  • Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
  • Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere ein del av eit team med miljøterapeutar som jobbar i samansette helse- og omsorgsstenster

Kvalifikasjonar

  • Bachelorutdanning innan helse- og sosialfag, til dømes vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom
  • Andre relevante utdanningar kan bli vurdert
  • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • Førarkort klasse B for manuell gir
  • Kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du må ha vanleg datakunnskap
  • Tilfredsstillande politiattest av ny dato
  • Vernepleiar vil ha tilleggsoppgåver knytt til medisinhandtering

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med mennesker med psykisk utviklingshemning
  • Vere engasjert, fleksibel og løsningsorientert
  • Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk, sjølstendig og i team
  • Evne til skriftelege og munnleg framstilling.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vektleggast.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP.
  • Utfordande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilgang på e-læringskurs frå Glup.
  • Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre seksjonar

Kontaktinformasjon

Monika Mierzejewska, Sekjsonsleiar Kleppevegen, 90891358, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, [email protected]

Arbeidsstad

Kleppevegen 1
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5179044647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.12.2026
Søknadsfrist: 04.10.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
987635983
Publisert:
14. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger