Avdelingsleiar i heimetenesta i Sogndal
- Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
- Plassen 2, 6856 Sogndal
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Fagfelt
- Helse og sosial / Lege
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Vil du vere med å drive og vidareutvikle heimetenesta i Sogndal kommune? Me har ledig to 100% faste stillingar som avdelingsleiar. Du får moglegheita til å vere med på å forme organisasjon, kultur og tenestetilbod.
Heimetenesta er ei teneste i utvikling med stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa. I Sogndal arbeider me med alt frå vurderingsteam og kvardagsrehabilitering med fokus på rehabilitering og tidleg innsats, til oppfølging av pasientar med omfattande pleiebehov og palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Det er fokus på å bygge tverrfagleg samarbeid i tenesta, og me jobbar kontinuerleg for brukarmedverknad og fokus på meistring og tryggleik hjå brukarane våre. Me satsar på auka bruk av velferdsteknologi og digitale løysingar.
Me har eit viktig samfunnsoppdrag; å legge til rette for at flest mogleg kan bu trygt i eigen heim, og motta naudsynt helsehjelp.
Om stillinga
Heimetenesta består av 2 soner i «gamle Sogndal» som kvar har rundt 35 årsverk. Kvar avdelingsleiar vil ha ansvar for ei sone med halve arbeidsgruppa. Du vil samarbeide tett med den andre avdelingsleiaren, tenesteleiar, fagsjukepleiar og med driftskoordinator i kvar sone. Driftskoordinatorane er ei nyleg oppretta rolle som arbeider dagtid og 4.kvar helg, og tek seg av dagleg planlegging av arbeidsruter og pasientkoordinering.
Heimetenesta har kontor i moderne bygg i tilknyting til helse- og omsorgssenteret i Sogndal. Her er også dagsenter, omsorgsbustadar, korttids- og langtidsavdeling, legekontor, fysio-/ergoterapitenesta og helsestasjon lokalisert. Dette gjev moglegheit for tett og nært samarbeid med andre tenester i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta det faglege, administrative og økonomiske ansvaret i avdelinga, i tråd med gjeldande lovar, forskrifter og planar
- Personalansvar
- HMS og internkontroll
- Ansvar for å utvikle, forbetre og nytte ressursane på ein effektiv og rett måte
- Vere ein pådrivar til utvikling av organisasjonen og tenesta i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde
- Samarbeide med spesialisthelsetenesta og andre tenester / einingar
Kvalifikasjonar:
Du bør ha:
- fullført bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna relevant helsefagleg bachelorgrad
- leiarutdanning eller ønskje om å ta leiarutdanning. Arbeidsstaden kan vere behjelpeleg med tilrettelegging for utdanningsløp.
- leiarerfaring frå helse- og omsorgsteneste, med personal-, budsjett- og fagansvar
- kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- god norsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg
- gode IKT kunnskapar og evne til å lære aktuelle fagsystem og teknologi
Det er en fordel om du har:
- erfaring med omstillingsprosessar og endringsleiing
- erfaring med heimebaserte tenester
Personlege eigenskapar:
- Engasjert, tillitsvekkande og samlande, med evne til å bygge gode relasjonar og skape gode samarbeidsforhold.
- Ser verdien av å legge til rette for at medarbeidarane dine skal få utvikle seg utifrå individuelle eigenskapar.
- Sjølvstendig, lyttande og tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar.
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Er resultat-, utviklings- og endringsorientert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver i ei teneste i stadig utvikling, og ein kommune i utvikling med stort fokus på samarbeid på tvers av tenester.
- Kontinuerleg fokus på å bygge eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø med god fagkompetanse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Arbeidstid på dagtid.
- Gode velferdsordningar.
- Løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- JG
- Publisert:
- 11. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no