Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Bioingeniør

  • Laboratoriet Odda Sjukehus
  • Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Søknadsfrist
28. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Bioingeniør

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.  
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år: https://shortlink.uk/1rGZ1 

Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: https://shortlink.uk/1rGZk 

Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.


Kva går jobben ut på? 

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Tapping og produksjon av blod
  • Enkle mikrobiologiske analysar
  • Delta i vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
  • Tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5179352038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974743086
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger