Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vernepleiar Surnadal sjukeheim - faste stillingar og vikariat

  • Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
  • Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Fagfelt
Helse og sosial / Vernepleier

Om jobben

 

Surnadal sjukeheim har ledig faste stillingar og vikariat for vernepleiarar

Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter med arbeid 4.kvar helg.  

Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).

 

Hos oss har vi stort fokus på:

 

  • miljøarbeid
  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • velferdsteknologi
  • refleksjon
  • aktivisering

 

Arbeidsområde

 

  • utøve vernepleie på tenestestaden
  • delta i utviklingsarbeid
  • delta aktivt i faglege beslutningar
  • veilede kollegaer og studentar
  • vere medansvarleg for planlegging av aktivitetar til pasientane
  • bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • ivareta rapportering i samsvar med gjeldende rutiner.
  • teamleiarfunksjon og samhandling

 

Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon.

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Vi kan tilby:

  • avklart rolle og eigen stillingsbeskrivelse
  • fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • turnus med mogleg individuell tilpassing
  • flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan

 

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull! 

 

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Sjukeheimen har pr i dag 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demensssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si o ein bemanningspool for sjukeheimen.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974619989
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger