Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Tankbilsjåfør

  • FLÅTEN MASKIN AS
  • Skarsmyrvegen 70, 6783 Stryn
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Oppstart
Etter avtale
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Privat
Fagfelt
Transport og lager / Tog-, sporvogn- og vegtrafikk

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Yrkessjåførkompetanse (YSK)

Om jobben

Flåten Maskin AS søkjer tankbilsjåfør (2 veker på / 2 veker av).

Er du ein ansvarsbevisst og sjølvstendig sjåfør som trivst på vegen? Vi søkjer no ein dyktig sjåfør til vår moderne tankbil, ein Scania R660 (2025-modell).

Hos oss blir du ein del av eit selskap som legg vekt på gode verdiar, profesjonalitet og ordna arbeidsforhold. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, samarbeider godt og leverer kvalitet til kundane våre.

Om stillinga

• Fast turnus

• Oppstart måndag morgon og avslutning søndag kveld to veker seinare

• Du deler bilen med ein annan fast sjåfør

• Ved rolegare periodar kan det også vere aktuelt med andre transportoppdrag, til dømes krokbil

Arbeidsområde

Køyringa skjer hovudsakleg i:

• Rogaland

• Vestland

• Møre og Romsdal

• Trøndelag

Verkeområdet strekkjer seg frå Mandal i sør til Saltfjellet i nord.

Vi ser etter deg som

• Har førarkort klasse CE

• Har gyldig YSK

• Er påliteleg og ansvarsbevisst

• Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine

• Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

• Har fokus på sikker og profesjonell transport

Vi tilbyr

• Moderne og godt utstyr

• Konkurransedyktige lønsvilkår

• Fast turnusordning med god balanse mellom arbeid og fritid

• Eit godt arbeidsmiljø

• Ein trygg og seriøs arbeidsgivar


Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Flåten Maskin As vart etablert i 2009 som ei vidareføring og utvikling av maskinell for rilling og kabelslissing på flyplasser. Vi har etter kvart etablert oss i andre segment, som t.d transport, betongsaging/meisling, UHP vasking, rivningsarbeid etc. Vi har oppdrag i heile landet.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
994220306
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger