Lønsansvarleg - 100% fast
- Økonomi og samfunn, Vinje kommune
- Vinjevegen 192, 3890 Vinje
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Kontor og økonomi / Økonomi, statistikk og regnskap
Om jobben
Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling?
Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR.
Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen.
Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda.
Velkomen med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar knytt til kommunens lønsarbeid
- Ansvar for lønsprosessar frå A til Å
- Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem
- Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i verksemdene
- Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen
- Bistå leiarar og tilsette i løns- og HR-relaterte spørsmål i samarbeid med kommunen si HR-avdeling
- Rapportering til offentlege myndigheiter
- Avstemming av lønsrelaterte kontoar og oppfylging mot rekneskap
- Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og digitalisering av prosessar
- Oppfylging av reiser, utlegg, fråvær og refusjonar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis
- Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for effektive arbeidsprosessar
- God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk
- Kjennskap og erfaring frå ERP system til Unit4 og GAT er ein fordel
- God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
- God evne til samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver, slik at du held fristar
- Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper
- Du er nøyaktig og opptatt av detaljar
- Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet
- Du er proaktiv og løysningsorientert
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Ei spanande og viktig rolle i ein framtidsretta organisasjon
- Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
- Faglege utviklingsmoglegheiter
- Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustad
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Kontaktinformasjon
Tore Åsland, Økonomisjef, +47 95723348Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5178437863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Om arbeidsgiveren
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Spørsmål om stillingen
- TÅ
- Organisasjonsnummer:
- 988324485
- Publisert:
- 11. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no