Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vil du vere med og servere matglede?

  • Avdeling matforsyning Haugesund Sjukehus
  • Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Ansettelsesform
Annet
Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Reiseliv og mat / Restaurant

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

🍽️ Har du lyst til å jobbe i matforsyningstenesta vår og ta vakter ved behov?

Som matvert blir du ein del av eit triveleg og engasjert team som sørgjer for gode måltidsopplevingar for pasientar, tilsette og besøkande på sjukehuset. Kvar dag bidreg vi til trivsel, omsorg og god ernæring gjennom mat laga med kvalitet og omtanke.

💙 Kvart år serverer vi rundt 100 000 porsjonar, og vi er stolte av å levere måltid som betyr mykje for dei som oppheld seg på sjukehuset.
Helse Fonna set pasienten først. Difor legg vi stor vekt på ernæring og spesialkost, god næringsmiddelhygiene, kvalitet i alle ledd og ei serviceinnstilt tilnærming.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Servere smakfulle og næringsrike måltid til pasientar, tilsette og kantinegjester
  • Førebu og gjennomføre buffet- og brettservering av fem daglege måltid frå pasientkantinene
  • Sørgje for rydding, reinhald og oppvask i pasientkantiner og produksjonskjøkken
  • Dagleg bruk av Helse Fonna sine system for mattryggleik, internkontroll (IK-Mat) og HACCP
  • Ha kontakt med pasientar i samband med måltid og bidra til ei god måltidsoppleving
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i matforsyningstenesta

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Erfaring frå storkjøkken, hotell, sjukehus eller andre helseinstitusjonar er ein fordel.
  • Du har grunnleggande IKT-kompetanse og er komfortabel med å bruke elektroniske system og hjelpemiddel i arbeidskvardagen.
  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du har interesse for mat, service og gode måltidsopplevingar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
  • held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv
  • er førebudd på fysiske utfordringar som krev mykje gåing
  • er sjølvstendig
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver

Me søkjer deg som har grunnleggjande serviceinnstilling og kan visa ein god kundebehandling, med vekt på kvalitet og effektivitet.

🌟Kvifor skal du velje oss?

  • Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og eit systematisk HMS-arbeid.
  • Du får spennande og varierte arbeidsoppgåver innan matforsyning i sjukehus.
  • Du blir del av ei viktig teneste som bidreg til gode opplevingar for pasientar, tilsette og besøkjande.
  • Vi tilbyr gode forsikringsordningar og ei konkurransedyktig pensjonsordning gjennom KLP, ein av dei beste pensjonsleverandørane i Noreg.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar, 95180683

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5174316993
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 25.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Spørsmål om stillingen

  • BH

    Bjarte Halleraker

    Avdelingsleiar

    95180683
Organisasjonsnummer:
974724774
Publisert:
11. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger