Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

100% stilling som VA ingeniør

  • Ullensvang kommune Teknikk og miljø
  • Opheimsgata 31, 5750 Odda
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Bygg og anlegg / Ingeniør bygg

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Førerkort klasse B

Om jobben

100% fast stilling som VA ingeniør i Ullensvang kommune

 

 

Ynskjer du å bli ein del av Ullensvang kommune sin mest spennande og utfordrande arbeidsplass? Avdeling for vann og avløp (VA) har ledig en stilling som ingeniør, der vi har ei mengde varierte og interessanta arbeidsoppgåver til den som blir ansatt. Avdelinga har i dag ca 18 engasjerte og hyggelige kollegaer med høg fagkompetanse, som kvar dag sørger for sikker vassforsyning av god kvalitet til kommunen sine innbyggjarar. Avdelinga ligg under kommunal sektor for Teknikk og miljø, og arbeidsstad vil væra driftsstasjonen på Hjøllo i Odda. 

Avdelinga sitt hovudansvarsområde er drift- og vedlikehald av dei rundt 120 VA-anlegga med tilhøyrande leidningsnett, som er spredt rundt i kommunen. Sentralt i dette arbeidet står eit stort antall mindre vass- og avløpsprosjekter som årleg vert gjennomført ved avdelinga. Vi er og involvert i både planprosess og utføringa av større investeringsprosjekter; bygging av vassverk, renseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng og leidningstraséer. Vi utfører kontinerleg lekkasjesøk. Tilpasningar til nye og strengare krav vil og verta ei viktig oppgåve dei neste åra.

Andre oppgåver som ligger til avdelingen er vedlikehald og administrasjon av dataprogram, som VA-database, driftskontrollsystem, HMS-system, system for drift, vedlikehold og arkivering. Vi har også sakshandsaming for utsleppsløyve, sanitærabonnement, graveløyve, forurensningssaker, fakturering og budsjettarbeid. Vi gir teknisk bistand i utbyggjingsprosjekter, og uttale til tekniske planer, reguleringsplaner og i byggesaker.

Vi er på jakt etter ein initiativrik person som kan arbeide sjølvstendig, med interesse for fagområdet VA, og gjerne med prosjekterfaring. Du må lika å arbeida med dataverktøy, vera systematisk, og sjå nødvendigheita av god planlegging og utvikling av gode rutiner. Du bør vera serviceinnstilt og ein positiv bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet vi har ved avdelinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av ulike VA driftsprosjekter, herunder budsjettering, økonomistyring, prosjektering, innhenting av tilbod, kontrahering, oppfølging av entreprenører, ferdig-dokumentasjon og attestasjon av faktura

  • Bidra med fagkompetanse i forbindelse med større investeringsprosjekter, hovudansvar for enkelte større prosjekt kan bli aktuelt

  • Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem, samt andre datasystemer

  • Oppfølging av- og godkjenning av tekniske planar for VA, skriftleg uttalelse til VA-rammeplanar, reguleringsplanar og byggesaker

  • Utvikling, forbetringsarbeid og effektivisering

  • Støtte dagleg drift, i tillegg optimalisering av anleggene

  • Prosjektarbeid

  • Bidra til å utarbeide og oppdatere prosedyrer, rutiner og rapporter

  • Sakshandsaming

  • Rådgivning og faglig støtte

  • HMS og beredskaps arbeid

  • Dialog med offentlige myndigheter, kunder og leverandører

  • Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen

  • Andre oppgåver kan tilfalla stillinga


Kvalifikasjonar

  • Ingeniør/sivilingeniør (bachelor/master fra universitet/ingeniørhøgskole) innan VA / kommunalteknikk / bygg / anlegg / prosess

  • Ingeniør/sivilingeniør innen andre fagområder, gjerne med relevant prosjekterfaring, kan bli vurdert

  • Minimum tre års arbeidserfaring fra relevante fagområder, kompetanse innen vann- og avløpsfag vil bli vektlagt

  • Gode IT-kunnskaper og erfaring med digitale arbeidsverktøy

  • Interesse for VA-faget

  • Førerkort klasse B

  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk som arbeidsspråk.


Personlige egenskaper

  • Løysingsorientert tilnærming til arbeidsoppgåver med evne til å arbeide sjølvstendig

  • Fagleg engasjert, initiativrik, systematisk og serviceinnstilt med gode samarbeidseigenskaper

  • Evne til å inneha en koordineringsrolle i prosjekter, med god dialog med alle involverte

  • Kunne handtere komplekse saker, og fleire parallelle arbeidsoppgåver i eit høgt tempo

  • Evne til å identifisera behov og videreutvikling av rutinar

  • Sjå viktigheita av å bidra til eit godt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

  • Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmogelegheitar

  • Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod

  • Fleksibel arbeidstid

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Lønn etter avtale

  • Muligheter for relevant videreutdanning

  • Muligheter for rekrutteringsleiligheter

  • Muligheter for heimekontor

 

Ynskjer ikkje kontakt med telefonselgarar!

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
999015697
Publisert:
10. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger