Rådgivar
- Utdanningsforbundet Vestland
- Strandgt 198, 5004 Bergen
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Privat
- Fagfelt
- Kontor og økonomi / Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Om jobben
Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret.
Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast.
Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Du skal blant anna:
- Vere rådgivar for fylkeslaget, lokallag og medlemmer i saker som gjeld lønns- og arbeidsvilkår, rettsvilkår, pensjon, trygd og spørsmål knytte til lovverket
- Bidra i arbeid med digital utvikling og forbetring av system
- Bidra ved forhandlingar i ulike tariffområde, særleg knytt til berekningar
- Bidra i arbeid med medier og kommunikasjon
- Ansvar for tekniske løysingar på kontoret og i underliggande ledd.
- Bidra i skolering av tillitsvalde og medlemmer
- Ta del i dei løpande oppgåvene ved fylkeskontoret
- Merk at noko reiseverksemd må påreknast
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning, gjerne lærarutdanning
- Gjerne formell kompetanse innan IKT
- Forhandlingskompetanse
- Gjerne rettleiingskompetanse
- Lov- og avtaleverk som gjeld innanfor områda til Utdanningsforbundet.
- Ønskjeleg med organisasjonserfaring.
Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd.
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som har:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å jobbe strategisk og ta initiativ
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Arbeide saman med dyktige kollegaer, delta på faglege arenaer og få fridom til å ta ansvar og påverke din eigen arbeidskvardag.
- Vere ein del av eit godt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, òg i periodar med høgt tempo.
- Utvikle kompetansen din gjennom kurs, seminar og læringsarenaer som gir moglegheit for både fagleg og personleg vekst.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår, ei solid pensjons- og forsikringsordning, tid til trening i arbeidstida og ekstra fridagar i jul og påske.
Kontaktinformasjon
Elin Haugsvær Gravdal, Personalleiar, +47 45473823Arbeidssted
Strandgt 1985004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: UtdanningsforbundetReferansenr.: 5177852533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Om arbeidsgiveren
Utdanningsforbundet er eitt av Noregs største fagforbund og har fleire enn 190 000 medlemmer frå alle delar av utdanningsfeltet – frå barnehage til universitet og høgskule. Utdanningsforbundet arbeider for å betre medlemmene sine lønns- og arbeidsvilkår og for å heve kvaliteten i utdanninga. Utdanningsforbundet er tilslutta hovudorganisasjonen Unio. Utdanningsforbundet har om lag 200 tilsette i det sentrale sekretariatet, og i tillegg 15 fylkessekretariat med vel 65 tilsette. Utdanningsforbundet Vestland har 23 000 medlemmer. Fylkeslaget har 10 tilsette og det er to tilsette i Bergen lokallag, i tilleggt til19 frikjøpte tillitsvalde.
Spørsmål om stillingen
- EH
- Organisasjonsnummer:
- 974191482
- Publisert:
- 10. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no