Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

  • Universitetet i Bergen
  • Allégaten 41, 5007 Bergen
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Ansettelsesform
Åremål
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Utdanning / Universitet og høyskole

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Engelsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling 

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan tektonikk–glasial erosjons-interaksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «ICICLE», finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med dette prosjektet er å forstå korleis klima, glasial(-fluvial) erosjon og tektonisk deformasjon verkar saman over geologiske tidsskalaer for å forme fjellkjeder som blir danna i osean-kontinent-subduksjonssystem, med særleg fokus på utviklinga av Andesfjella. Dette vil bli undersøkt ved hjelp av nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar. Forskinga vil omfatte:

  • Bruk av 2D kopla geodynamiske–glasiale–fluviale erosjonsmodellar for å kvantifisere utviklinga av osean-kontinent-subduksjons-orogen, og samanlikning av overordna modellresultat med fjellkjeder på jorda.
  • Å undersøkje korleis samspelet mellom tektonikk og klimadrivne overflateprosessar formar den sørlege delen av Andesfjella, ved hjelp av kopla 2D-modellar.
  • Å undersøkje i kva grad tektoniske og erosjonelle prosessar styrer variasjonar langs den sørlege delen av Andesfjella, ved hjelp av kopla 3D-modellar for geodynamikk og glasial (-fluvial) erosjon.
  • Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar.
  • Publisering av resultat i fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift.

Arbeidet vil bli utført ved Universitetet i Bergen, med moglege forskingsopphald ved Aarhus Universitet (Danmark) og ved GFZ Potsdam (Tyskland).

Stillinga er knytt til prosjektet «ICICLE», eit tverrfagleg prosjekt som har som mål å kvantifisere korleis tektonisk deformasjon, glasial–fluvial erosjon og klima verkar saman for å forme fjellkjeder på jorda, ved å integrere nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar med utvalde naturlege laboratorium. Prosjektet er leia av Dr Sebastian Wolf, i samarbeid med Prof Ritske Huismans, Prof Ann Rowan, Prof Kerim Nisancioglu (alle UiB, Noreg), Prof Vivi Pedersen (U Aarhus, Danmark), Prof Jean Braun (GFZ & U Potsdam, Tyskland), Dr Guillaume Cordonnier (INRIA, U Côte d'Azur, Frankrike), Prof Dave May (Scripps, UCSD, USA), and Dr Sean Eaves (U Wellington, NZ).


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor geodynamikk, tektonikk eller geomorfologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn og forskingsinteresse innan kvantitativ modellering av tektoniske prosessar eller overflateprosessar, og kvantitativ geovitskap er eit krav.
  • Bakgrunn og forskingsinteresse innan geodynamikk og tektonikk er eit krav.
  • Dokumentert evne til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå, samt dokumentert forskingspotensial gjennom publisert forskingsarbeid og ei tydeleg forskingsfråsegn, er eit krav.
  • Erfaring med termomekanisk modellering eller modellering av overflateprosessar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha veldig gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.  

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 


Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei utgreiing om forskingsinteresser og framtidige forskingsretningar
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr Sebastian Wolf, Institutt for geovitenskap, [email protected].

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Mathilde Høgalmen, [email protected]

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Spørsmål om stillingen

Publisert:
10. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger