Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Sjukepleiar

  • Kvam heimeteneste
  • Aldehagevegen 42, 5600 Norheimsund
Søknadsfrist
24. sep. 2026
Oppstart
1. okt. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Er du vår nye kollega?

Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste

  • Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
  • Stillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg

Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret
  • Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelseteneste
  • Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande
  • Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak
  • Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig 
  • Må ha førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar
  • kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • møter andre på ein respektfull og open måte
  • deler og aukar kunnskap
  • er open for endringar
  • kan nytte digitale verktøy

Vi tilbyr

  • Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar        

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Charlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990

Arbeidsstad

Aldehagevegen 42
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5178388174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Spørsmål om stillingen

  • CB

    Charlotte Bjørge

    Gruppeleiar Kvam heimeteneste

    +47 48208990
Organisasjonsnummer:
974577356
Publisert:
10. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger