Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

  • Helse Bergen HF
  • Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Søknadsfrist
24. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Andre helseyrker

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig
  • Engelsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:


Arbeidsoppgåver

Kirurgisk klinikk, urologisk poliklinikk - vi behandlar ca 18500 pasientar kvart år med hovudvekt på kreftpasientar, i tillegg til pasientar med steinproblematikk og nevrourologiske tilstandar. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar bør du søke stilling hos oss. 

Her jobbar vi eit høgt tempo som krev god logistikk av dyktige og fleksible medarbeidarar. Vi har høg kompetanse mellom ulike arbeidsgrupper. Vi søker ein engasjert og dyktig sekretær til 100% fast stilling.  
Kontakt: Mariell Hansen, Tlf. 55971624/41251571

 

Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamlege personalmøte og fagdagar for dei tilsette.
Kontakt: Sigrun Hoem Evensen, Tlf. 90740524

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling 

  • Pasientadministrative oppgåver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5178378444
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Spørsmål om stillingen

  • SK

    Sjå kontaktperson

    oppgitt for den enkelte avdelinga

Publisert:
9. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger