Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

ID 1071 Driftsoperatør uteareal, 100% fast stilling

  • Fitjar Kommune, etat for samfunnsutvikling og drift, drifsavdelinga
  • Fitjar
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Oppstart
Etter avtale
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Natur og miljø / Skogbruk, gartnerarbeid og hagebruk

Om jobben

Vil du bidra til trivsel og vakre uteområde i Fitjar kommune?

Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen. Me søkjer ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø gjennom arbeid med kommunale uteanlegg og grøntområde.

Fitjar kommune har eit variert landskap med parkar, vegar, leikeplassar, uteområde ved kommunale bygg og fleire viktige møteplassar. No treng me ein ny kollega som trivst med arbeid utandørs og som bryr seg om kvaliteten på dei offentlege areala våre.

Stillinga er organisert under eining for tekniske tenester.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

Drift, vedlikehald og generell oppfylging av dei kommunale uteområda, inkludert park, veg, kai og uteområde til bygg, mellom anna:

  • Plenklipping, kantklipping og generelt stell av grøntareal

  • Beskjering, planting og stell av buskar, tre og prydareal

  • Kontroll og tilsyn av leikeplassar

  • Enkelt vedlikehald og dagleg ettersyn av maskiner og reiskap

  • Snørydding og strøing i vinterhalvåret (ved behov)

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, plassar, overvassanlegg, sandfang og gatelys

Som tilsett i den kommunale eigedomsdrifta må du rekna med å bidra til andre driftsoppgåver ved behov, mellom anna knytt til dei kommunale bygga. Du vil også inngå i teknisk vaktordning.

Vaktordninga er fordelt mellom tilsette innan eigedomsdrift og vatn og avlaup, og inneber roterande vekesvakt, inkludert helg, knytt til kommunale bygg og vassverk.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar eller tilsvarande relevant fagbakgrunn.

  • Erfaring med maskiner som traktor, plenklipparar, kantklipparar og motorsag

  • Kompetansebevis for motorsag/ryddesag er ynskjeleg

  • Sprøytesertifikat er ynskjeleg

  • Førarkort klasse BE, og T 142, T 144 eller T 148. Viss du ikkje har desse to sertifikata, er det ein føresetnad for å verta tilsett at du tar det/dei innan seks månadar frå tiltreding i stillinga.

  • Erfaring frå teknisk drift eller byggdrift er ein føremon, men ikkje eit krav.

  • Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av faget som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig.

  • Du trivst med fysisk arbeid ute i all slags ver.

  • Du er strukturert, påliteleg og serviceinnstilt.

  • Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet og er løysingsorientert.

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

Me kan tilby

  • Spanande, meiningsfylte og praktiske arbeidsoppgåver

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

  • God offentleg pensjonsordning

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)

Dersom søkjaren ynskjer å verta unnateken frå den offentlege søkjarlista, må dette spesifiserast og grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Deling av søkjarlista med medsøkjarar er ikkje å rekna som offentleggjering. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar for tekniske tenester Magne Træet, tlf 91 81 94 87.

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Fitjar kommune er ein attraktiv bukommune midt i Sunnhordland, med om lag 3 200 innbyggjarar. Kommunen er kjend for nærleik til naturen, eit aktivt lokalsamfunn og gode tenester. Me er ein framoverlent kommune med tilsette som kvar dag arbeider for å skapa gode tenester og eit berekraftig lokalsamfunn for innbyggjarane våre.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
983074634
Publisert:
9. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger