Rektor / Einingsleiar
- Sveio kommune
- Sveiogata 70, 5550 Sveio
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Ledere av undervisning og utdanning
Om jobben
Om stillinga
Sveio kommune lyser ut ei spennande stilling som rektor/einingsleiar ved Vikse skule.
Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Inneverande skuleår har skulen seks klassar på 1.–7. trinn, med til saman 82 elevar.
Som rektor ved Vikse skule får du leie ein barneskule i ein krins i utvikling, saman med 19 dyktige og motiverte medarbeidarar. Du blir ein del av skuleleiargruppa i kommunen og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen både fagleg, pedagogisk og organisatorisk.
Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i kommunen sin kvalitetsutviklingsplan. Skulen har eit aktivt utviklingsarbeid med vekt på praktisk og variert opplæring, mellom anna gjennom bruk av uteområde og nærmiljø. To-lærar i norsk, matematikk og engelsk skal styrkje den tilpassa opplæringa og bidra til at flest mogleg elevar får eit inkluderande tilbod i klassen. Skulen satsar òg på lesing, varierte læremiddel og utprøving av valfag på mellomsteget for å fremje elevmedverknad og samarbeid på tvers av trinn.
Arbeidsoppgåver
- leie og vidareutvikle Vikse skule som ein trygg, inkluderande og lærande organisasjon
- vere skulen sin faglege og pedagogiske leiar, med elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum
- leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med kommunen sin kvalitetsutviklingsplan og skulen sine prioriterte satsingar
- ha ansvar for personalleiing, kompetanseutvikling, arbeidsmiljø og samarbeid med tillitsvalde
- ha delegert ansvar for budsjett, økonomi og forsvarleg drift av eininga
- sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, kommunen og relevante samarbeidspartnarar
- følgje opp arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø, og sikre at skulen arbeider i tråd med gjeldande lovverk og regelverk
Kvalifikasjonar
- godkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
- undervisningserfaring frå skule
- relevant leiarerfaring, gjerne frå skule
- leiarutdanning er ønskjeleg. Søkjarar utan leiarutdanning må vere villige til å ta slik utdanning
- erfaring med, eller god forståing for, personalleiing, budsjett- og økonomiarbeid
- god kjennskap til skulen sitt samfunnsoppdrag og relevant lov- og regelverk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer rektor / einingsleiar som
- er ein tydeleg og trygg pedagogisk leiar som set elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum
- kan forvalte skulen sine ressursar slik at dei støttar god opplæring og eit inkluderande læringsmiljø
- er utviklingsorientert og nyttar forsking, erfaringskunnskap og kunnskap om eigen praksis i utviklingsarbeidet
- evnar å leie gode utviklingsprosessar og involvere elevar, medarbeidarar og føresette
byggjer tillit, skaper engasjement og bidreg til ein felles kultur for læring og utvikling
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Andre opplysningar:
Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stilling
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- eit utviklingsorientert og støttande skulekontor
- gode støttefunksjonar innan økonomi og personal
- leiar- og rektorsamlingar med vekt på fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeid
- eit godt rektorkollegium prega av profesjonalitet, samhald og openheit
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Spørsmål om stillingen
- EN
- Organisasjonsnummer:
- 975292827
- Publisert:
- 9. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no