Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vernepleiar

  • Sogndal kommune Psykisk helse og rus
  • Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Vernepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk, samt funksjonsnedsetjing.

Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.

Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter. 

Vi har ledig  ei 100 % fast stilling med døgnvakt som vernepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger.  Det er lagt opp pr i dag til arbeid i turnus 2-7-2-7-3-7, med vakter 4. kvar helg.  Turnus kan bli endra.

Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett. 

Me oppmodar menn til å søkje.

  

Arbeidsoppgåver og ansvar: 

. Planlegge og gjennomføre rehabiliterande og målretta miljøterapeutiske tiltak

· Praktisk bistand i daglege oppgåver og oppgåver knytt til drift av avdelinga

· Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta 

· Medikamenthandtering

· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk 

. Koordinatoransvar/ primærkontaktrolle

  

Kvalifikasjonar: 

. Autorisert vernepleiar

. Erfaring frå turnusarbeid og døgnvakter vil vere ein fordel

· Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan habilitering/ miljøarbeid

· Førarkort klasse B 

· Gode norsk kunnskapar 

· Politiattest av nyare dato ved tilsetting 

  

Personlege eigenskapar: 

· Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig 

· Ha god relasjonskompetanse og samarbeidsevner

· Er fleksibel, audmjuk, tolmodig og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø. 

Me tilbyr: 

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar

· Eit godt arbeidsmiljø

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Løn etter tariffavtale 

Kommunen vår er omfatta av den nasjonale distriktsordninga til Lånekassen, som betyr at du kan få sletta inntil 25 000 kr av studielånet ditt kvart år ved å bu og jobbe i kommunen vår.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Spørsmål om stillingen

Publisert:
8. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger