Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Storkjøkenkaptein med glimt i auga – Torshus, Fannrem

  • Torshus Folkehøgskule Sti
  • Orkdalsvegen 791, 7320 Fannrem
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Oppstart
Etter avtale
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Privat
Fagfelt
Reiseliv og mat / Kokk

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vil du vere med og skape gode måltidsopplevingar og triveleg miljø for elevar, tilsette og gjester ved Torshus folkehøgskule? Vi søker ein engasjert og serviceinnstild kjøkensjef og internatansvarleg kombinert i 100 % fast stilling.

Hva vi ser etter

  • Fagbrev som kokk, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

  • Erfaring frå storkjøkken, kantine eller liknande verksemd er ein fordel

  • Kjennskap til IK-mat og hygienerutinar

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Stillinga krev godkjend politiattest.

Vi søker deg som er positiv og serviceinnstild, liker å arbeide med menneske, er fleksibel og løysingsorientert, tek ansvar og arbeider strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgaver

  • Personalansvar og arbeidsleiing for kjøken- og internatpersonalet

  • Oppsett av turnus, godkjenning av timelister

  • Planlegging av meny

  • Matlaging og tilrettelegging av måltid for elevar, tilsette og gjester

  • Dagleg drift av kjøkkenet inkludert IK-mat

  • Oppvask, reinhald og etterleving av rutinar for hygiene og mattryggleik

  • Bestilling og handtering av varer

  • Oppfyljing av utleigeverksemd utanom skuleåret

  • Klargjering og vedlikehald av internat og andre fellesområde

  • Andre førefallande oppgåver ved behov

Vi tilbyr

  • Ei variert og meiningsfull stilling i eit levande folkehøgskolemiljø

  • Eit inkluderande og godt arbeidsfellesskap

  • Varierte arbeidsoppgåver gjennom året

  • Løn etter avtale

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Torshus folkehøgskule er ein mellomstor frilynt folkehøgskole på Fannrem i Orkland kommune med inntil 75 elevplassar. Vi har røter attende til 1903 og har for tida linetilbod innan kampsport og datafag.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
871819122
Publisert:
8. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger