Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Helsefagarbeidar i Arbeid og inkludering

  • Austrheim kommune
  • Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Søknadsfrist
28. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Helsefagarbeider

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Om stillinga

Våken nattevakt – 70 % stilling ved Vestlia Bofellesskap

Vi har no ledig ei 70 % stilling som våken nattevakt ved Vestlia Bofellesskap. Som nattevakt blir du ein viktig del av tenesta og bidreg til tryggleik, ro og gode tenester for bebuarane gjennom natta.

Det er to nattevakter på jobb kvar natt, men dei arbeider i ulike bygg. Nattevaktene samarbeider og støttar kvarandre ved behov.

Hos oss arbeider vi med langvakter i helgene, med ei vaktlengd på 12,25 timar.

Dette er ei meiningsfull stilling for deg som er trygg, sjølvstendig og ansvarsbevisst, og som trivst med nattarbeid. Du må kunne gjere gode faglege vurderingar, handtere uventa situasjonar og samtidig bidra til ro, tryggleik og stabilitet for bebuarane.


Arbeidsoppgåver

  • Gje trygg og fagleg forsvarleg oppfølging av tenestemottakarane gjennom natta.
  • Utføre direkte miljøarbeid og handtere uventa situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte.
  • Ha ansvar for legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar, prosedyrar og delegasjon.
  • Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Bidra aktivt til god kvalitet i tenestene og kontinuerleg fagleg utvikling.
  • Observere og vurdere endringar i tilstanden og behova til tenestemottakarane, og setje i verk nødvendige tiltak.
  • Dokumentere relevante observasjonar, tiltak og hendingar i Profil.
  • Bidra til godt samarbeid og god informasjonsflyt med kollegaer og andre relevante samarbeidspartar.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • Pleiemedhjelparar kan søkje. Søkjarar utan relevant fagutdanning kan bli vurderte dersom det ikkje finst kvalifiserte søkjarar med relevant fagutdanning.
  • Gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.

 

Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og/eller annan relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta er ein føremon.


Kven ser vi etter?

Hos oss får du moglegheit til å bruke fagkompetansen din til å skape tryggleik, meistring og gode dagar – også gjennom natta. Vi ser etter deg som møter bebuarane med respekt, varme og fagleg tryggleik.

Vi ønskjer oss deg som:

  • har evne til å gjere gode faglege vurderingar og utøve fagleg skjønn
  • er engasjert, fleksibel og trygg i møte med ulike behov og situasjonar
  • har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, somatiske helseutfordringar og åtferd som kan vere utfordrande
  • har høg etisk bevisstheit og evne til kritisk refleksjon
  • er trygg på å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og ser kva som må gjerast
  • er roleg og løysingsorientert når uventa situasjonar oppstår
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og ser verdien av godt samarbeid
  • ønskjer å gjere ein positiv forskjell i livet til andre menneske
  • ser ressursane og behova til den enkelte bebuaren og ønskjer å bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet

Vi tilbyr

  • Årsturnus med langvakter i arbeidshelgene og arbeid kvar fjerde helg
  • Interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • Årsturnus i 2027
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning i KLP

 


Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. 
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
987550600
Publisert:
8. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger