Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Strategisk innkjøpar - Leikanger

  • ORO-IN - Strategisk innkjøp, Vestland fylkeskommune
  • Askedalen 2, 6863 Leikanger
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Fagfelt
Kontor og økonomi / Ledelse, administrasjon og rådgivning

Om jobben

Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger.

Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 21 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for avtaleforvaltning. 16 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.

   

Arbeidsoppgåver

Til den ledige stillinga som strategisk innkjøpar søkjer vi deg som ønskjer å bidra til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar gjennom å leie og kvalitetssikre innkjøpsprosjekt og -prosessar i samsvar med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette omfattar å kartlegge marknaden og behova saman med brukarar/interessentar i Vestland, utarbeide konkurransegrunnlag og kontraktsforslag, analysere tilboda som kjem inn, gjennomføre forhandlingar, dokumentere tilrådd løysing, ferdigstille kontraktar og systematisk overføre dei til faggruppe avtaleoppfølging.


Som tilsett i innkjøpsseksjonen vil du i det daglege arbeide operativt innafor innkjøpsområdet og vil i tillegg gje innkjøpsfagleg støtte og rettleie kollegaer i både eiga eining og i andre delar av fylkeskommunen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna.
 
Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. seriøst og ansvarleg arbeidsliv, miljøvennlege og berekraftige innkjøp, bruk av forhandlingar og balanserte standardavtalar og kunnskap om personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt.

  • Ønskeleg med utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan rettsvitskap.
  • Utdanning i økonomi eller samfunnsvitskap på masternivå kan og vurderast.

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i verdiane våre - kompetent, open og modig.

Du er kjenneteikna ved:

  • Kommersiell teft.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Analytiske og strategiske evner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Høg etisk standard.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.

 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø med høgt tempo.
  • Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement for faget og arbeidsplassen sin.
  • Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar.
  • Moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka.
  • Kontorplass i rehabilitert fylkesbygg i Leikanger.
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsvilkår i tillegg til konkurransedyktig løn.




Kontaktinformasjon

Sturla Alvheim, leiar, 92489670

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5177317554
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
7. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger